Pensjonisten som aldri blir utlært
Svein er ein veteran i elektrofaget – og ein viktig støttespelar hos SMART Automation. Som pensjonist vekslar han mellom datamaskin, elektriske analyser, velbrukte, matematiske formlar og eit idyllisk småbruk i Åkrafjorden.
Erfaring som tel
Svein Djuve skulle eigentleg vera pensjonist. No jobbar han rundt 20 prosent i SMART Automation – akkurat nok til å halda faget varmt og bidra når det trengst. Med bakgrunn som sivilingeniør i elkraft frå NTH og lang fartstid innan diesel-elektriske system, er han ein av dei du ringer når det dukkar opp knutar i kablane.
Kunnskap i stadig utvikling
«Den dagen du trur du er utlært, då kan du pakka snippøskja,» seier Svein – og lever som han lærer. Hos SMART Automation er han ein sparringspartnar for prosjektteama, ein støttespelar for nye tilsette og ein fagressurs når kompliserte system skal diskuterast. Særleg dei nye hybride framdriftssystema – der batteri, generatorar, frekvensomformarar og avanserte automasjonsløysingar skal spela heilt i takt – gir mykje å bryna seg på.
Ein pioner i bransjen
Svein er også ein av hovudmennene bak den prisvinnande Low Loss-teknologien. Saman med Egil Hystad utvikla han konseptet for om lag tjue år sidan, ei patentert løysing som mellom anna gir DP-fartøy betre redundans, høgare sikkerheit og et vesentleg lågare drivstoff-forbruk i alle driftsoperasjonar. (DP betyr dynamisk posisjonering, altså at eit fartøy brukar eit datastyrt system for å halda seg nøyaktig i same posisjon utan anker.) Teknologien er levert til over 300 fartøy globalt.
I SMART Automation har han mellom anna bidrege med elektriske analyser som DNV krev, og utvikla eit eige verktøy for dette som fleire no meistrar. — Det er kjekt å sjå at andre tek dette vidare, seier han.
Livet mellom fjord og fag
— Eg har arva eit lite, veglaust småbruk i Åkrafjorden etter faren min, Olav. Men eg vaks opp i Ølen, der me flytta til då eg var to år. Så garden er meir som ein fritidseigedom og hobby. Det er ein brå overgang å gå over frå full jobb til pensjonisttilværelse. Derfor har det passa bra å halda litt i faget mitt, ja, og særleg om vinteren er det begrensa kor mykje eg får gjort på ættegarden inni fjorden. Den idylliske garden Djuve ligg på nordsida av Åkrafjorden, rett nord for Markhus. — Så har me jo barnebarn, den minste er åtte år no og me har hatt veldig mykje kjekt og fine stunder med desse smårollingane.
Best før, men ofte god etter!
Svein Djuve er eit levande døme på at kunnskap ikkje har utløpsdato. Med lang erfaring, sterk fagleg nyfikne og eit ekte engasjement for dei rundt seg, er han blitt ein viktig person hos SMART Automation – og eit førebilete for alle som vil halda utviklinga i gang, heile livet.
Svein Djuve
Stilling/funksjon: Pensjonist og sivilingeniør
Utdanning/bakgrunn: Sivilingeniør i elkraft
Lyst å vite meir?
Ta kontakt via info@smartautomation.no,
eller ring oss på +47 53 42 88 00 for å høyre mer!