Rigmor treng prosjektingeniørar!
Me er stolte over det me har fått til her hos oss dei siste 45 åra; utvikla og levert produkt til over fire tusen fartøy. Frå enkle, robuste enkeltprodukt til integrerte automasjonssystem, kraftstyringssystem og komplette kraftløysingar. – Og det kjekkaste er at kundane kjem tilbake, gong etter gong og ønskjer oss med på nye fartøy!
Våre ordrebøker får stadig påfyll og me skal levera svært mange, store prosjekt dei neste åra. Difor vil me gjerne ønskja velkommen nye, dyktige medarbeidarar til teamet vårt. Me skal skapa dei beste løysingane og leveransane til kundane våre!
Me har det kjekt på jobb! Med ei fin blanding av erfarne, dyktige folk som har vore her i mange år og kjenner produkta inn og ut, og unge, dyktige som kjem inn med stor entusiasme og pågangsmot! Her ligg det kontinuitet som skaper tryggheit for dei nye og inspirasjon for dei som har vore ei stund.
Du vil få god mottaking om du ynskjer å jobba her hos oss, med ivrige kollegaer som vil deg vel, hjelper deg om bord hos oss og er til god støtte mens du lærer våre system og produkt å kjenna. Du kan gleda deg til ein interessant og givande kvardag med nye utfordringar og fokus på miljøvennlege løysingar kundane treng!
PROSJEKTINGENIØR
Me treng fleire engasjerte medarbeidarar, og ønskjer oss ein strukturert, teknisk nysgjerrig person med gode evnar til å snakka og lytta. Me arbeider tett saman i teamet vårt og vår rolle med integrering av ulikt utstyr gjer dialogen med leverandørar og kundar svært viktig.
Arbeidsoppgåver
- Dialog med kunde
- Utarbeide teikningsunderlag og dokumentasjon for produksjonsavdeling og kunde
- Konfigurasjon og programmering av våre system
- Oppfølging av serviceteam ved oppstart
- Noko reising ved behov
Kvalifikasjonane me ønskjer du har
- Ingeniør- eller fagskuleutdanning innan relevante fagfelt, t.d. automasjon eller data
- Ingeniør- eller fagskuleutdanning innan relevante fagfelt, t.d. elektro, el-kraft og fornybar energi
- Alternativt erfaring med automasjons- og/eller elektrosystem til skip
Me kan tilby deg
- Interessante og utfordrande oppgåver
- Å få vera med å jobba med berekraftige løysingar for framtida
- Godt arbeidsmiljø i ein organisasjon der alle spelar ei viktig rolle.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
Dersom du set med spørsmål, ta gjerne kontakt me:
John Kåre Torkelsen,
909 85 260
Rigmor Lønning,
901 47 600
Send gjerne ein sms om du ikkje får svar, det er greitt å vite kven det er som vil ha kontakt med oss.
Og send oss gjerne ein søknad – me ynskjer kontakt med deg som har relevant bakgrunn, er motivert og er klar for nye utfordringar!
Det er ikkje sett frist då søkarar vert vurdert fortløpande.