Andreas kom heim til kjekk jobb og fritid

– Det var veldig spennande å komma inn i denne nye jobben hos SMART Automa­tion. Eg blei møtt på ein god måte frå første dag, blei vist rundt og fekk sett opp alt som eg trengte for å starta, PC, kontoar, program og sånt. Slik fortel den nytil­sette service­in­ge­ni­øren Andreas Alendal (26) om då han i mai 2024 kom på jobb i ny bedrift.

 

Andreas er enda under opplæ­ring. Det er mykje nytt han skal bli kjent med, nye produkt og system, korleis program­vara fungerer, instal­la­sjon, ulike fartøy og service. Når tida er inne reknar han med å ta til med reising ut på service­opp­drag. Det gler han seg til, og veit at det er gode folk å konsul­tera der heime om nødvendig.

Bratt lærings­kurve skremmer ikkje

– Det har vore ei bratt lærings­kurve, fortel Andreas. Eg kom frå ei praktisk side av faget, her blei det også ei teore­tisk side, nye måtar å tenka og jobba på. Det har vore ei mykje nytt, men ei veldig god oppføl­ging frå kolle­gaer. Og så var det jo akkurat dette eg sikta mot! Her var dei tydeleg på at eg berre måtte spørja. Når ein er ny kan ein jo ikkje alt… — Det følast trygt at eg kan ringa om det dukkar opp ting når eg er ute på oppdrag som eg treng assistanse på. Og så har me jo ein del «guruar» som er kjempe­dyk­tige på dette. Det er godt å vite.

{

– Det har vore ei mykje nytt, men ei veldig god oppføl­ging frå kolle­gaer. Og så var det jo akkurat dette eg sikta mot!

Andreas Alendal
Service­in­ge­niør

Andreas kom frå ei stilling i ei anna Bømlo-bedrift der han jobba som automa­tikkar i om lag tre år. Har ønska seg inn i SMART ei stund fordi han syns denne bedrifta virka utruleg spennande. Frå industri til båt, meir automa­sjon, program­me­ring, system­for­ståing og setja seg inn i den sida av automa­sjon. Det faglege drog, i tillegg til at reisinga verka attraktiv. Og så kjende eg fleire av dei som jobba i SMART frå før, og visste litt om korleis det det var å jobba der. Og med 3–3‑rotasjon, tre veker på og tre veker fri, har eg høve til å gjera ting eg elles ikkje kunne.

Tar vidare­ut­dan­ning mens han jobbar

Med fagbrev som automa­tikkar fortel Andreas at han har ei platt­form for vidare utdan­ning i faget. No held han på med eit løp med fagskulen på automa­sjon i fritida. Etter fagskulen blir han fagin­ge­niør. Så kan han vurdera bachelor etter det igjen, om han framleis er svolten på høgare utdan­ning. Han fortel at studiet han no er inne i blir gjennom­ført på Fagskulen Nord, delvis nettba­sert med nokre veker fysisk oppmøte.  – Det er ein fin kombi­na­sjon å ta utdan­ning når ein har tre veker på og tre veker av, men ein må jo passa på å ha fritid og!

DJ på fritida – veldig kjekt!

Andreas har budd på Bømlo i mest 11 år, Bømlo er heim! Han har kjøpt sin eigen bustad Stavlandsneset. Han har slekt herifrå og har vore ein del på Bømlo i oppveksten, men då han starta på yrkes­skulen i Rubbe­stad­neset blei han godt integrert. – Der fekk eg venner for livet, fortel han, og dessutan bur både mor, mormor og ei søster her på Bømlo.

Når det gjeld fritida blir Andreas entusi­as­tisk og ekstra framover­lent. – Eg leiger meg ut på spele­jobbar som DJ og lagar elekt­ro­nisk danse­mu­sikk (EDM) i mitt eige heime­studio, til dømes pop, house og sånn.

Me får vera med Andreas på DJ-jobb, og det svingar verkeleg når tunge rytmar fyller det store lokalet. Me sjekkar, og finn ut at EDM hovud­sakleg betyr instru­mental musikk, der ein nyttar elekt­ro­niske instru­ment som synthe­sizer, tromme­ma­skiner, samplerar og effektar. Og det funkar så det susar når lokalet etter kvart fyllest med festglade folk som svingar seg til Andreas sine tonar og rytmar.

Den gode følelsen

Andreas føler han får ting til, at han trivest og får ansvar. Han kjenner på at han utviklar seg og trur det er viktig for mange at dei får ansvar. – Det er viktig å føla seg sett, vera ein del av laget og spela godt med, under­strekar han. – Det er folka og arbeidet her som gir meg «yesss-følelsen», og bekreftar at eg har valt rett.

Dei vikti­gaste kriteria når det gjeld jobb er trivsel og miljø, folka du jobbar med, summerer Andreas Alendal opp: Gode kolle­gaer…, det betyr meir enn du skulle tru!

Andreas Alendal

Stilling/funksjon: Service­in­ge­niør
Alder: 26
Utdanning/bakgrunn: Fagbrev som automa­tikkar, held på med vidare­ut­dan­ning i fagskulen på automa­sjon på fritida.
Starta i SMART Automa­tion: Mai 2024

Lyst å vite meir?

Ta kontakt via info@smartautomation.no,
eller ring oss på +47 53 42 88 00 for å høyre mer!

SMART Automation logo - orange marks

SMART Automa­tion AS
Hollunds­dalen 5
5430 Bremnes, Norway