Aktiv i jobb og fritid

Frå å ha vore service­tek­nikar har Kjetil Lothe (41) no teke steget inn i ei ny rolle i SMART Automa­tion, der han er med på å utstyra for båtar for framtida. Med eit glimt i auga deler han historia si, frå reising rundt som teknikar til å vera ein del av ein inklu­de­rande og imøte­ko­mande arbeids­kultur i sin nye jobb.

Med bakgrunn som service­in­ge­niør var han vand med å ha hendene fulle med tekniske utford­ringar. Frå å reisa rundt og fiksa alt frå tavler til genera­torar, har han no gått over til den andre sida av bordet. ”No skal eg ikkje ut og gjera noko på utstyret, eg er i staden med på å setje det opp,” forklarar han. Arbeids­opp­gå­vene hans strekk seg frå å lage inter­fa­ce­lister mellom ulike delar av utstyret, til å setje opp program­vare som Power Manage­ment System (PMS). Medan han før var den som fekk utford­rin­gane i nevane, er han no den som førebur det for dei som skal utføre servicen.

Kjekt å få vera med på meir

Kjetil er nysgjerrig av natur og var inter­es­sert i å ta eit steg opp i karrie­re­stigen. Han fann ei spennande mogleg­heit i SMART Automa­tion. – Å få lov å vera med på litt meir, vera delaktig i litt fleire ting enn det ein kanskje er i ei større bedrift, var noko som trigga han til å ta skiftet. Den inklu­de­rande og hjelp­same arbeids­kul­turen har berre stadfesta valet hans. – Alle her likar å ta i eit tak, seier han, og legg til at det er nødvendig i ei lita bedrift der alle må stå saman.

Sjølv om han ikkje mislikte reise­jobben han hadde tidle­gare, var det ei lette å kunne gi slepp på den delen av arbeidet. – Greitt å prøve noko anna, få ein annan kvardag, seier han med ein smil. No kan han fokusera meir på å finna løysingar og grave seg ned i problem­stil­lingar, noko som han syns er svært kjekt.

Kone, tre gutar og ein hund

Med familie som tel kone, tre gutar og ein hund, er det viktig for han å vera til stades både på jobb og heime. – Det betyr mykje for meg å vera fysisk til stades i miljøet på jobb, fortel han. Sjølv om han likar best å jobba på kontoret, tek han seg tid til å starta arbeids­dagen heime nokre dagar for å få ungar på skulen. Det å vera ein del av eit aktivt miljø, både på jobb og i fritida, gjer livet hans rikt og meinings­fullt.

I tillegg til arbeidet sitt, har han ei liden­skap for sjølivet og snekring. Som ein ekte båtmann er han stadig på jakt etter nye eventyr på havet og nye prosjekt å setje fingrane i.

{

– No kan eg fokusera meir på å finna løysingar og grave meg ned i problem­stil­lingar.

Kjetil Lothe
Prosjekt­leiar

Mange som ikkje heilt forstår

– Det er avanserte ting me held på med her på SMART Automa­tion, seier han om arbeidet sitt. Han legg til at mange kanskje ikkje veit kva som ligg bak eit komplett hybri­d­an­legg til ein båt. – Det er avanserte automa­sjons­løy­singar og produkt som skal snakka saman. Det krev kunnskap og ikke minst erfaring med inter­g­re­ring av utstyr frå forskjel­lige leveran­dørar. – Det er me her på huset kjende for ute i marknaden, og det heng saman med den suksessen me opplever, oppsum­merer Kjetil, før han tar fatt på arbeidet sitt med entusi­asme og dedika­sjon.

Kjetil Lothe

Stilling/funksjon: Prosjekt­leiar
Alder: 41
Utdanning/bakgrunn: Fagbrev automa­tikar, fagskule i automa­sjon
Starta i SMART Automa­tion: 1. september 2023

{

– Det er avanserte ting me held på med her på SMART Automa­tion.

Kjetil Lothe
Prosjekt­leiar

Lyst å vite meir?

Ta kontakt via info@smartautomation.no,
eller ring oss på +47 53 42 88 00 for å høyre mer!

SMART Automation logo - orange marks

SMART Automa­tion AS
Hollunds­dalen 5
5430 Bremnes, Norway