Da è veldig gøy!

Lasse Andrè Stavland har berre jobba i SMART Automa­tion nokre månader. Likevel er han i ferd med å utvikla eit heilt nytt produkt for selskapet. – Eg trudde eg skulle utvikla denne appen ilag med eit anna firma, men no ser det ut som eg får det til heilt aleine!

Heilt åleine er han sjølv­sagt ikkje, i utvik­linga av appen «SMART Fleet» har dei knyta seg opp til ein pilot­kunde lokalt på Bømlo som er svært inter­es­sert og ville vera med på utvik­lings­løpet.

Det nye produktet er ein appli­ka­sjon for å henta inn ulike data frå fartøy som er i sving rundt om. – Me har automa­sjons­system om bord på forskjel­lige båtar, fortel han, men har ikkje hatt høve til å lesa desse frå land. Idèen med appen er altså at data frå fartøya kan lesast frå land av reiarane, og samlast i høvelege rapportar. Det sparer folk om bord for mykje arbeid og gjer rappor­te­ringa enno meir presis.

– Så no har eg kopla meg opp mot systema på båtane og kan visa det på skjerm som ei nettside. Eg hentar inn plasse­ringar av fartøy frå andre kartsystem som viser kor båtane er, alle data om bord, infor­ma­sjon om tankar, tempe­ra­turar i tankane, kor mykje som er i dei, ei heil mengd data som kan vera nyttige å kjenna for dei på land.

Inter­es­sert i program­me­ring heile livet

Lasse har to fagbrev, i industrime­ka­ni­kar­faget og som CNC-operatør. – Heile livet har eg vore inter­es­sert i program­me­ring, koding og sånne ting. Men det innebar tre år på studie­spe­sia­li­se­ring og så flytta ifrå Bømlo for å gå på høgskule for å få ei slik utdan­ning. Det ville eg ikkje, seier den heime­kjære program­vare­ut­vik­laren. Så det nærmaste då var yrkes­skulen på Rubbe­stad­neset.

– For første gang har eg ein jobb med fleksitid, og med to barn då passar det heilt perfekt! Ikkje alltid tida strekk til før skule og barne­hage. Og for nokre dagar sidan hadde eg sjukt barn, og då har ein sjølv­sagt rett til fri. Men eg hadde så lyst å komma vidare med prosjektet mitt, så då fekk eg lov til å ha heima­kontor og jobba heim den dagen. Det er slik fleksi­bi­litet eg aldri har opplevd før.

Pilot­kunden trans­por­terer fisk og dermed legg Lasse inn data om oppdretts­an­legga som han hentar frå ulike kjelder på nettet, til dømes vêrdata eller manuelt innlagde kommen­tarar og infor­ma­sjon som kaptei­nane kan lesa om bord. – No virka kunden veldig fornøgd og vil ha dette på ein skjerm i resep­sjonen, fortset Lasse ivrig. – Så vil data som kjem inn oppda­tera seg og du får mest som ei «live»-sending av aktivi­teten i reiar­laget. Du får ei grei oversikt over flåten til ei kvar tid.

{

– No har eg den perfekt mogleg­heita til å utdanna meg innanfor dette som eg alltid har vore inter­es­sert i.

Lasse Andrè Stavland
Program­vare­ut­viklar

Utnytta tida etter oppseiing

Han blei i tidle­gare ein del av masse­opp­seiing i ei verksemd der han var ein av dei med minst ansien­nitet. Då mista han jobben og sat han heime og tenkte at no har eg den perfekt mogleg­heita til å utdanna meg innanfor dette som eg alltid har vore inter­es­sert i. Så då søkte eg på fagskule, og med to fagbrev kom eg inn på eit eitt-årig studium på fagskulen og tok «Back-end devel­op­ment» som nettstu­dium, 8 timar dagleg, virtuelt klasserom og innle­ve­ring kvar søndag. I løpet av det året kom det høve til å gå eit andre-års studium. – Eg dreiv og søkte på jobbar, men hadde dette studiet som ein back-up-plan. Eg hadde litt gode «vibes» i kontakten med SMART Automa­tion, hadde vore på intervju, visste ikkje noko sikkert men tok sjansen på å venta litt. Så ringte John Kåre og tilbaud meg jobb.

Godt tatt imot

– Og eg blei tatt veldig godt imot då eg kom. Det er jo litt skummelt å begynna i heilt ny jobb med nye folk. Eg kjente ingen her i frå før, men første dagane kom folk inn på kontoret og helsa på og slo av ein prat. Veldig hygge­lege og eg føler meg så heldig med både kolle­gaer, arbeids­plass og arbeids­opp­gåver.

– Det eg arbeider med kjem liksom på sida av det dei andre gjer her, men eg får sjølv­sagt god innsikt i dei systema som blir utvikla og leverte. Og data som blir henta ut er jo frå desse systema. Lasse Andrè er veldig fokusert på oppgåva, han er på ein måte «oppe til eksamen» kvar fredag. Då sit dei i møte med pilot­kunden og han viser utvik­linga siste veka.

– Når dette pilot-prosjektet er i hamn er det meininga at produktet skal presen­te­rast for fleire moglege kundar, seier Lasse Andrè. – Då skal det jo imple­men­te­rast på nye prosjekt og monte­rast.

Lasse røper at han har ein kjekk hobby han drøymer om å få meir tid til, nemleg å mekka på gamle bilar. – Eg er så heldig å få vera i garasjen til stefaren min Rune Sortland av og til. Der stortrivst eg, og med fagbrev som industrime­ka­nikar har eg jo god peiling på slikt og, smiler han. – Ja, dette har eg lyst å gjera meir av framover, slår han fast til slutt!

Lasse Andrè Stavland

Stilling/funksjon: Program­vare­ut­viklar
Alder: 32
Utdanning/bakgrunn: To fagbrev: Industrime­ka­nikar + CNC-operatør og fagskule innan automa­sjon
Starta i SMART Automa­tion: 1. oktober 2023

Lyst å vite meir?

Ta kontakt via info@smartautomation.no,
eller ring oss på +47 53 42 88 00 for å høyre mer!

SMART Automation logo - orange marks

SMART Automa­tion AS
Hollunds­dalen 5
5430 Bremnes, Norway