Fotballfar i ny rolle

Stian Alvsvåg, med kone og tre barn, står midt i ein travel fase av livet. Han tok sommaren 2021 steget frå ein stor bedrift til den mindre verksemda SMART Automa­tion. Kva har motivert han til dette skiftet, og korleis har overgangen vore?

Stian er fotball­trenar og veteranspelar og hadde ei lang karriere i ei større, lokal bedrift før han bestemte seg for å prøva noko nytt. – Eg har kone og tre barn, yngste er fem, så no byrjar eg å koma ovanpå, deler han om kva som inspi­rerte han til å søka ny jobb og nye mogleg­heiter. Etter nesten 15 år i same bedrift følte han at tida var inne for å utforska nye stiar.

Rett inn i produkt­ut­vik­ling

Han fortel om det første året i den nye verksemda, der han var med på å utvikla Propul­sion Control System (PCS) i vel åtte månader. Dette er styring av framdrifta til fartøyet og var eit produkt SMART Automa­tion ønska å ha i produkt­por­te­føljen.  – Det var kjekt å få vera med på denne utvik­linga og det første produktet blei levert til ein hurtig­gå­ande katamaran som Oma Båtbyg­geri på Stord bygde for Norled og Fiskeri­di­rek­to­ratet.

Prosjekt­in­ge­ni­ør­stil­ling er å vera potet

Etter dette gjekk Stian over i ein rolle som prosjekt­in­ge­niør. – Prosjekt-ingeni­ør­stil­ling her er å vera potet, seier han og uttrykker gleda over å få handsama ulike oppgåver i ei mindre bedrift. Med ansvar for rundt fem pågående prosjekt i ulike faser med oppfølg­ning for alt ifra økonomi til å lage tegninger og software så er ingen arbeids­dager like, og han ser fram til dei kommande utford­rin­gane.

Dei største pågående prosjek­tene no inneholder leveranse
av IAS, PMS, Hydrive, tavler, shaft generator, batteri og trafoer.

Overgangen frå ein stor bedrift til ei mindre har også opna opp for nye perspektiv. – Største forskjell frå større bedrift er nok at der er det personar du kanskje ikkje veit kven er som tar avgjerder som påverkar deg direkte, reflek­terer han. Her i Smart Automa­tion veit han kven folk er, noko som gjer kommu­ni­ka­sjonen enklare og avgjer­dene meir tilgjen­ge­lege.

Familie­mann med fotball som hobby

Men korleis har dette skiftet påverka hans rolle som familiefar og fotball­en­tu­siast? Stian, som no er ein aktiv trenar for ungane sine, finn balansen mellom arbeid og fritid. – Super­krafta mi er å kunne legge jobb til side, seier han med eit glimt i auga. For han er det viktig å priori­tera både familie­livet og fotballen sjølv i ein travel arbeids­kvardag.

I ei tid med mykje nytt, både på arbeid og heime­fronten, ser Stian fram til kommande utford­ringar. Me sit att med inntrykk av ein mann som, sjølv midt i ein travel periode, held fast på sine verdiar og priori­te­ringar.

 

Stian Alvsvåg

Stilling/funksjon: Prosjekt­in­ge­niør
Alder: 41
Utdanning/bakgrunn: Fagbrev automa­tikar + automa­sjon­s­in­ge­niør
Starta i SMART Automa­tion: 1. juni 2021

{

– Super­krafta mi er å kunne legge jobb til side.

Stian Alvsvåg
Prosjekt­in­ge­niør

Lyst å vite meir?

Ta kontakt via info@smartautomation.no,
eller ring oss på +47 53 42 88 00 for å høyre mer!

SMART Automation logo - orange marks

SMART Automa­tion AS
Hollunds­dalen 5
5430 Bremnes, Norway