TV-reparatør…, kva er det?

Atle Håvik drar på smilet når han fortel at han utdanna seg til å bli TV-raparatør, men då han skulle i lære etter sommar­fe­rien forsvann både VHS-spelarar og bilde­røyrskjermar! Heile marknaden kollapsa…

Søkte læreplass med feil papir

– Etter militæret søkte eg på ein læreplass i Smart Automa­tion i 2004 – med feil papir, fortel Atle. Det var det ingen som oppdaga og eg fekk læreplass. Då feilen blei oppdaga måtte eg ta automa­tikar-utdan­ninga som priva­tist medan eg var lærling, så det løyste seg.

– Snart 20 år…. Huff, det er lenge…., kommen­terer han etter­tenk­somt om tida han har vore i SMART Automa­tion. Eg byrja som lærling i produk­sjonen. Jobba der til 2008. Då begynte eg å reisa, farta rundt i verda i seks år. Etter at eg fekk eit illebe­fin­nande, ei lunge som kollapsa,  anbefalte legen meg å ikkje fly på eit år. Fekk då jobbe på her på huset som prosjekt­leiar. 

Det er stillings­tit­telen eg framleis har, men eg ser for meg at i ei større bedrift er prosjekt­leiaren meir delege­rande. Eg leiar jo berre meg sjølv, og gjer det meste sjølv. Flikkar på teikningar og bytes i program­vara, defini­tivt ei potet­stil­ling.

– No jobbar eg med nokre båtar som kunden vår bygger i Tyrkia, me lager ballast-styrings­system til dei. Eg samhandlar her ein del med reiar­laget, fordi me kjenner dei godt etter­kvart. Ofte er det verftet me har dialogen med.

Det er mykje «nerding» i å vera prosjekt­leiar hos oss. Me har i utgangs­punktet ein standard på systema våre, men me kan få dei til å gjera det meste kunden ønsker. Me er ganske gode på integre­ring og ein fordel med at mange har jobba her lenge, er erfaringa på korleis ting bør gjerast.

– Eg trivst godt, tenkjer han etter…, må jo det, elles ville eg vel ikkje blitt så lenge? — Veit ikkje om graset er grønare andre stader.

{

– Eg trivst godt, må jo det, elles ville eg vel ikkje blitt så lenge?

Atle Håvik
Prosjekt­leiar

Bur i Bjødle­dalen

– Heime er det meg og hunden, ein dansk-svensk gards­hund, eller garda­bikkje om du vil. Så stor at den kan bli med i marka, for tanken var nemleg at eg skulle begynna å jogga då eg fekk meg hund. Det skjedde aldri, innrømmer Atle. Hunden er samtidig så liten at om eg har gjort noko feil i oppdra­ginga, så klarar den ikkje å pryla meg opp. Veldig mykje godt selskap, mykje repete­rande gøy, som å dra i det same handkledet. Eg har hatt hunden i seks år.

Blitt litt motor­syk­kel­mann dei siste somrane

Atle fortel om ein del artige turar som han har køyrt med broren. Han skulle eigentleg berre ha seg ein cruiser til å kjøpa softis i Hauge­sund med. – Her er pengane, eg drit i kva sykkel det er, sa han til broren etter å ha leita på Finn etter motor­sykkel. – No er eg så lei. Så då kjøpte broren ein sykkel til å køyra litt meir offroad med, ein adven­ture-sykkel.

Dei har vore på ein del turar. Etter å ha leita etter grusløyper i Noreg utan å finna noko, i alle fall ikkje på Vestlandet. Og så er det ikkje lov å køyre i skogen i Noreg, medan nedover i Europa går det eit nettverk av løyper der ein har lov å køyra – grus og heilt offroad, merkt som Trans Euro Trail. Der var me sist sommar, og køyrde gjennom Noreg, Sverige, Polen Tyskland og Danmark og heim. – Me hadde eit mål om å stressa oss litt i ting me ikkje kan, fortel Atle. Har blitt ei lita greie, ein sommar­fe­rie­ak­ti­vitet. Kjempegøy!

{

– MC har blitt ei lita greie, ein sommar­ferie-aktivitet. Kjempegøy!

Atle Håvik

Lærerikt og kjekt

Tilbake på jobb meiner Atle at ein lærer utruleg mykje når ein er ute og reiser. Då skal du rydda opp våre problem, i tillegg til andre sine. Diagnos­ti­sera. Om ikkje fikse, så iallfall påpeike kor feilen ligg. Dei som reiser for oss blir sterke folk, avsluttar Atle. Og han veit kva han snakkar om, «been there – done that»!

Atle Håvik

Stilling/funksjon: Prosjekt­leiar
Alder: 40
Utdanning/bakgrunn: Service elekt­ro­nikk-lyd-bildsys­tem/­auto­ma­tikar
Starta i SMART Automa­tion: 2004

Lyst å vite meir?

Ta kontakt via info@smartautomation.no,
eller ring oss på +47 53 42 88 00 for å høyre mer!

SMART Automation logo - orange marks

SMART Automa­tion AS
Hollunds­dalen 5
5430 Bremnes, Norway