Me treng software utvik­lings­in­ge­niør

– Me må få fleire ombord på SMART-skuta, for å kunna levera og vidare­ut­vik­ling produkta våre! Responsen i marknaden er formi­dabel!

John Kåre Torkelsen

Dagleg leiar

Me er stolte over det me har fått til her hos oss dei siste 45 åra; utvikla og levert produkt til over fire tusen fartøy. Frå enkle, robuste enkelt­pro­dukt til integrerte automa­sjons­system, kraft­sty­rings­system og komplette kraft­løy­singar.

– Og det kjekkaste er at kundane kjem tilbake, gong etter gong og ønskjer oss med på nye fartøy!

Tett samar­beid mellom utvik­ling av program­vare og produk­sjon, Ellen og Stian i prat om detaljar i Propul­sion Control-systemet me leverer.

I SMART automa­tion utviklar me våre eigne system med program­vare som blir integrert med eigne og andre sine maskin­varer. Me er integrator for dei systema kundane våre ynskjer ombord og får dei til å fungera saumlaust ilag.

Det er veldig viktig for oss at våre nye medar­bei­darar føler seg vel-komne og får god intro­duk­sjon til kolle­gaer, arbeids­opp­gåver, system og praktiske ting ein treng vite noko om – trygt og godt!

Me har det kjekt på jobb! Med ei fin blanding av erfarne, dyktige folk som har vore her i mange år og kjenner produkta inn og ut, og unge, dyktige som kjem inn med stor entusi­asme og pågangsmot!

Her ligg det konti­nuitet som skaper trygg­heit for dei nye og inspi­ra­sjon for dei som har vore ei stund.

Integre­ring av ulike system til ein velfun­ge­rande heilskap er noko me er gode på. Ein del av dette produ­serer me sjølv på eigen verkstad.

Du vil få god motta­king om du ynskjer å jobba her hos oss, med ivrige kolle­gaer som vil deg vel, hjelper deg om bord hos oss og er til god støtte mens du lærer våre system og produkt å kjenna.

Du kan gleda deg til ein inter­es­sant og givande kvardag med nye utford­ringar og fokus på løysingar kundane og verda treng!

Program­vare er vesentleg i våre produkt. Lasse har utvikla ei heilt ny program­vare.

– Når dette pilot­pro­sjektet er i hamn er det meininga at produktet skal presen­te­rast for fleire moglege kundar, seier Lasse.

SOFTWARE UTVIKLINGSINGENIØR

Me søker etter software utviklingsingeniør(ar), du som likar program­me­ring og automa­ti­se­ring, og som ynskjer å skapa noko med kunnskapen din.

Du kan gjerne ha den formelle kompe­tansen og erfaringa, men mest av alt søkjer me deg som er motivert og brenn for skapa nye løysingar. Du vil få ei viktig rolle i utvik­lings­teamet vårt.

Våre system­le­ve­ransar spenner frå hybride til heil­elektriske framdrifts­løy­singar, som også inneheld Power Manage­ment System (PMS) og Integrated Automa­tion System (IAS) og Propul­sion Control System(PCS). Me har utvikla vår eigen distri­buert IO (STI) og har også vårt eige prosjek­te­rings­verk-tøy (SmartPRO).

Arbeids­opp­gåver

  • Vidare­ut­vikle våre produkt
  • Realtids­pro­gram­me­ring (til dømes C++ under QNX opera­tiv­system)
  • Inter­face av eigen og ekstern distri­buert IO
  • Inter­face av eksterne sensorar og utstyr via se-rie og nettverks­pro­to­kollar
  • GUI løysningar
  • Nettverks sikker­heit
  • Skyløy­singar
  • Konfi­gu­ra­sjon og uttes­ting av eksis­te­rande og nye system
  • Legge til rette for en smidig gjennom­fø­ring av våre prosjekt­le­ve­ransar
  • Støtte til prosjekt­av­de­ling og service­team ved oppstart av nye produkt

Ønska kvali­fi­ka­sjonar

  • Sivil­in­ge­niør, ingeniør­ eller fagskule­ut­dan­ning innan relevante fagfelt, t.d. automa­sjon, data, kyber­ne­tikk
  • Alter­na­tivt erfaring som utviklar for leveransar av automasjons­ og/eller elekt­ro­system til skip

Me kan tilby deg

  • Inter­es­sante og utford­rande oppgåver
  • Å få vera med å jobba med berekraf­tige løysin-gar for framtida
  • Godt arbeids­miljø i ein oversiktleg organi­sa­sjon der alle spelar ei viktig rolle.
  • Gode forsikrings­ og pensjons­ord­ningar
  • Lønn etter avtale

Send oss ein søknad – me ynskjer kontakt med deg som har relevant bakgrunn, er motivert og er klar for nye utford­ringar!

Søknads­frist – Det er ikkje sett frist då søkarar vert vurdert fortlø­pande.

SMART Automation logo - orange marks

SMART Automa­tion AS
Hollunds­dalen 5
5430 Bremnes, Norway