Det grøne skiftet er ikkje noko me berre snakkar om, me jobbar med det kvar dag!
SMART Automation er i vekst og på leiting etter kompetente, motiverte medarbeidarar, som ønskjer å vera med på utvikling og levering av våre automasjonssystem samt våre berekraftige hybride og heilelektriske kraftsystem.
Våre tilsette bygger teamet som avgjer suksessen vår.
Vil du vera med og skapa endring?
Ønskjer du ein kjekk og meiningsfull arbeidskvardag? Kanskje har du det allereie, men unn deg nokre minutt og sjå på det me ønskjer du kan bli ein del av! – Våre ledige stillingar finn du under, kanskje ein av dei passar til deg?
Me er stolte over det me har fått til her hos oss dei siste 45 åra; utvikla og levert produkt til over fire tusen fartøy. Frå enkle, robuste enkeltprodukt til integrerte automasjonssystem, kraftstyringssystem og komplette kraftløysingar. – Og det kjekkaste er at kundane kjem tilbake, gong etter gong og ønskjer oss med på nye fartøy!
Våre medarbeidarar jobbar tett saman, det er berre nokre meter bort til utviklaren av programvara og ei trapp ned til produksjonen som set saman produkta våre. Humør og latter i gangen og på kantina. Gode fagdiskusjonar og råd svirrar i lufta, alltid kaffi på kanna.
Me er av dei raskast veksande totalleverandørane av integrerte elektro og automasjonsløysingar i Noreg. Med leveransar til alle moglege fartøystypar og fokus på dei beste løysingane for kunde og miljø har me ein solid ordrereserve, med store systemleveransar i åra framover. Vår tilnærming er tett og god dialog med reiar, verft og skipsdesignar. Kvar enkelt medarbeidar betyr mykje for oss, og er med på å prega arbeidskvardagen, produkt og løysingar.
Me treng fleire med på teamet. Sjå våre ledige stillingar, og om det er noko som passar for deg. Ligg det ikkje ute noko nett no, send oss gjerne ein open søknad. Fortel litt om deg sjølv, kvifor du ynskjer å jobba hos oss, utdanning og kva erfaring du har.
Med våre nye løysingar for hybride og heilelektriske kraftsystem er me med og gir vårt bidrag til lågare utslepp av klimagassar og ein reinare skipsfart.
Ledige faste stillingar for tilsetting snarast
SERVICETEKNIKKARAR / ‑INGENIØRAR
Kan du tenka deg ein spennande og framtidsretta jobb med reiser i inn og utland?
SMART Automation har ein solid ordrereserve, med til mange forskjellige typar skip. Me søker i den samanheng etter serviceteknikkarar/-ingeniørar. Me er spesielt på jakt etter deg som har relevant utdanning eller erfaring med elektro- og kraftsystem og/eller automasjon. Du vil ha inngå i vårt team av service personell som har ein viktig rolle både under oppstart av nye system og vedlikehald og service på eksisterande leveransar rundt om i heile verda. Du vil jobba tett med vårt prosjekt team og våre kundar.
Våre systemleveransar spenner frå hybride til heilelektriske framdrifts-løysingar, som også inneheld avansert automasjon.
Arbeidsoppgåver
- Oppstart og serviceoppdrag i inn og utland
- Support og oppgraderingar
- Reparasjon av innsendt utstyr
- Kalibrering og justering av våre system ute hjå kunde
- Oppfølging og rapportering til prosjektleiar
Ønska kvalifikasjonar
- Ingeniør- eller fagskuleutdanning innan relevante fagfelt, t.d. automasjon, data, elektro, el-kraft og fornybar energi
- Alternativt fagbrev med relevant erfaring innan elektro- og/eller automasjon.
- Evne til å ta initiativ og jobbe sjølvstendig.
Me kan tilby deg
- Interessante og utfordrande oppgåver med mykje reising
- Å få vera med å jobba med berekraftige løysingar for framtida
- Godt arbeidsmiljø i ein oversiktleg organisasjon der alle spelar ei viktig rolle.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Turnus avtale etter end opplæringsperiode
- Lønn etter avtale
Send oss ein søknad – me ynskjer kontakt med deg som har relevant bakgrunn, er motivert og er klar for nye utfordringar!
Det er ikkje sett frist då søkarar vert vurdert fortløpande.
For spørsmål om stillingane, ta kontakt med
John Kåre Torkelsen | Dagleg leiar
M: +47 909 85 260
Søknad og CV sender du til:
jkt@smartautomation.no